Jobb og karriere

«ALT FRÅ MILLIVOLT TIL KILOVOLT»

MultiVolt AS er totalleverandør innan elektro/automasjon/kommunikasjon. Vi har hovudkontor i Leirvik (Hyllestad) og avdelingar i Dale (Fjaler) og Sløvåg (Gulen). I tillegg har vi montørbase i Førde. Vi leverer eigenutvikla produkt og utfører elektrisk installasjonsarbeid til bl.a. fornybar energi, industri, offentleg, privatmarknad, havbruk og maritim industri/skip.

 Er du engasjert, likar sjølvstende og variert arbeid?

Vi er i vekst, har stor ordrereserve og er alltid på utkikk etter fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Vi tilbyr spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i ei bedrift som vektlegg personleg utvikling og positivt arbeidsmiljø.

Løn og pensjon er konkurransedyktig, vi er IA-bedrift og har bedriftshelseteneste.

Interessert å høyre meir? Ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar Tore Bråstad tlf. 4780 5406, eller personalsjef Unni Systaddal tlf. 4817 9160.

Kortfatta søknad med CV sendast til post@multivolt.no

Kontaktpersonar

Tore Bråstad
Dagleg leiar/installatør
+47 478 05 406
tb@multivolt.no

Unni Systaddal
Personal/HMS/kvalitet
+47 481 79 160
us@multivolt.no