«ALT FRÅ MILLIVOLT TIL KILOVOLT»
MultiVolt AS er totalleverandør innan elektro/automasjon/kommunikasjon. Vi har hovudkontor i Leirvik, avdeling i Sløvåg og Dale, samt montørbase i Førde. Vi leverer eigenutvikla produkt og utfører elektrisk installasjonsarbeid til bl.a. fornybar energi, industri, offentleg, privatmarknad, havbruk og maritim industri/skip.

Automatikar

Arbeidsoppgåver:
Feilsøking, test og servicearbeid i hovudsak for industrikundar og i prosjekt. Ei viktig rolle vil vere å ivareta og vidareutvikle våre gode relasjonar til kundar og leverandørar. Avdelingsleiar/elektroinstallatør er næraste overordna.

Kvalifikasjonar:
Den vi søkjer bør eit par års praksis frå industri- eller prosessanlegg. Førarkort for bil er ein føresetnad. Av personlege eigenskapar ser vi etter deg som har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig og likar å jobbe i eit teknisk miljø med fokus på tilfredse kundar.

Vi kan tilby:
Ei interessant og utfordrande stilling i eit svært kompetent og positivt arbeidsmiljø. Konkurransedyktig løn og fleksibel arbeidstid med hovudfokus – friheit under ansvar.

Interessert?
Trur du dette kan vere ein interessant jobb, ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar Tore Bråstad tlf. 4780 5406 eller teknisk sjef/installatør Jan Helge Lekva tlf. 9173 7072. Kortfatta søknad med CV sendast til post@multivolt.no innan 16.09.2019. Alle spørsmål og samtalar vert handsama fortruleg.