«ALT FRÅ MILLIVOLT TIL KILOVOLT»
MultiVolt AS er totalleverandør innan elektro/automasjon/kommunikasjon. Vi har hovudkontor i Leirvik, avdeling i Sløvåg og Dale, samt montørbase i Førde. Vi leverer eigenutvikla produkt og utfører elektrisk installasjonsarbeid til bl.a. fornybar energi, industri, offentleg, privatmarknad, havbruk og maritim industri/skip.

Elektromontørar

Arbeidsoppgåver:
Service- og prosjektarbeid i hovudsak for industrikundar og havbruk. Ei viktig rolle vil vere å ivareta og vidareutvikle våre gode relasjonar til kundar og leverandørar. Avdelingsleiar/elektroinstallatør er næraste overordna.

Kvalifikasjonar:
Den vi søkjer bør ha fagbrev som Gr. L eller elektrikar, men andre relevante fagbrev innan elektrofaget blir vurdert. Førarkort for bil er ein føresetnad.
Av personlege eigenskapar ser vi etter deg som har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig og likar å jobbe i eit teknisk miljø med fokus på tilfredse kundar.

Vi kan tilby:
Ei interessant og utfordrande stilling i eit svært kompetent og positivt arbeidsmiljø. Konkurransedyktig løn og fleksibel arbeidstid med hovudfokus – friheit under ansvar.

Interessert?
Trur du dette kan vere ein interessant jobb, ta gjerne ein uforpliktande prat med dagleg leiar Tore Bråstad tlf. 4780 5406 eller teknisk sjef/installatør Jan Helge Lekva tlf. 9173 7072. Kortfatta søknad med CV sendast til post@multivolt.no innan 16.09.2019. Alle spørsmål og samtalar vert handsama fortruleg.