MultiVolt har sidan starten i 2013 hatt ein sterk vekst og positiv utvikling. Dei tilsette har variert bransjeerfaring og med 3 elektroinstallatørar, ingeniørar, teknikarar, elektromontørar, automatikarar kan vi utføre eit bredt spekter av arbeidsoppgåver. Vi har stor fokus på HMS og kvalitet.
MultiVolt AS har hovudkontor i Leirvik (Hyllestad kommune), samt avdelingar i Dale (Fjaler Kommune) og Sløvåg (Gulen kommune). I tillegg har vi montørbase i Førde. Vi utfører elektrisk installasjonsarbeid innan småkraft/fornybar energi, landbasert industri, offentleg/privatmarknad, havbruk, samt marin og maritim industri.
Selskapet satsar på produktutvikling og produserer/leverer eigenutvikla produkt «world wide».
MultiVolt AS er medlem av NHO og arbeidsgjevarorganisasjonen Nelfo, og har autorisasjon på både lågspent og høgspent.
Dei tilsette er bedrifta sin største og viktigaste ressurs, og vi jobbar kontinuerleg med å skape eit godt og utviklande arbeidsmiljø. MultiVolt er IA bedrift og har fokus på samfunnsansvar. Vi er godkjent lærebedrift og vonar at arbeidet med lærlingar vil resultere i fagleg god og stabil arbeidskraft for framtida. Gjennom dette arbeidet håpar vi at du som kunde sit igjen med ei positiv oppleving etter å ha hatt besøk av våre teknikarar/ingeniørar eller fagarbeidarar.
Vi strekkjer oss langt for å levere våre kundar gode produkt til rett pris. Ta kontakt for eit besøk eller ein uforpliktande prat.